Hopp til hovedinnhold
Tegning av hunden Ronja

Besøk på Slottet

Om sommaren kan alle som vil, komme til Slottet og vere med på ei omvising.

Men det er lurt å kjøpe billett på førehand, slik at ein slepp å stå i kø eller risikere at det er fullt når ein kjem.

Slottet opnar i slutten av juni, rundt sankthans, og held ope til midt i august. Resten av året er det ingen omvisingar her, for da skjer det så mykje anna på Slottet. Om sommaren har Kongefamilien ferie. Da er det ikkje like travelt, og dermed kan Slottet opnast for publikum.

Dersom du lurer på kva som skjer på Slottet resten av året, kan du lese om det via peikaren til høgre.

Kva skjer på ei omvising?

Dersom du skal på omvising på Slottet, går du inn Bakporten, som ligg på baksida av bygningen. Da kjem du inn i ein hall der du hengjer frå deg yttertøy, vesker og slikt. Der blir du møtt av ein guide, ein omvisar.

Omvisaren tek dei besøkjande med rundt på Slottet og viser fram mange av dei finaste og viktigaste romma. Han eller ho fortel om kva som skjer i dei ulike romma, og om kongane og dronningane som har budd her sidan Slottet var ferdig bygd i 1849.

Du kan finne ut meir om dei ulike romma og om kvar ein kjøper billettar, via peikarane til høgre.

18.06.2013

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Omvisningsleder Nina Høye forteller om årets utstilling på Det kongelige slott. Foto: Christian Lagaard, Det kongelige hoff.