Hopp til hovedinnhold

Visste du at ...

Kong Carl Johan som satte i gang byggingen av Slottet aldri fikk flytte inn? Det tok så lang tid å bygge at han døde før det var ferdig.

Tegning av hunden Ronja

Bygginga av Slottet

I 1823 bestemte Stortinget at det skulle byggjast eit slott i hovudstaden i Noreg, i Christiania, som Oslo heitte den gongen. Det skulle ta over 25 år før Slottet stod ferdig.

På denne tida var Noreg i union med Sverige. Det vil seie at sjølv om Noreg hadde si eiga grunnlov og var eit eige land, hadde vi felles utanrikspolitikk og – ikkje minst – felles konge med svenskane. Denne kongen heitte Carl Johan, og i Stockholm hadde han alt eit stort og flott slott. Men det fanst ikkje noko slott han kunne bu på når han besøkte Noreg.

I dag står det en statue av Kong Carl Johan utenfor Slottet. Der sitter han til hest og ser ut over Oslos hovedgate - som er oppkalt etter nettopp ham. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelege hoffet.

Noreg var eit fattig land på denne tida. Likevel syntest nordmennene det var viktig å kunne tilby Kongen eit slott. Det var nok ikkje berre for å gjere Kongen til lags, men fordi Noreg ønskte å stå fram som meir likeverdig med Sverige i unionen. Derfor bestemte Noreg seg for å bruke pengar på å byggje eit slott i staden for ny stortingsbygning og nytt universitet.

Kvar skulle Slottet liggje?

Vi er vant til å sjå Slottet liggje ved enden av Karl Johans gate midt i Oslo. Men det var slett ikkje opplagt at det skulle plasserast akkurat her. Den gongen var Oslo mykje mindre, og området der Slottet ligg i dag, var faktisk på landet, utanfor sjølve byen. Fleire ulike stader vart foreslått. Men Kong Carl Johan valde sjølv staden ein dag han var på ridetur på Bellevue-høyden (det betyr ”høgda med vakker utsikt”). Her ville han at Slottet skulle liggje. Og slik vart det.

Slik så arkitekten for seg Slottet bakfra, liggende oppe på høyden og med parken omkring. Foto: Helge Hovland, Det kongelige hoff

Arbeidet startar

Arbeidet med Slottet starta i 1824. Dei begynte å grave på tomta, og 1. oktober 1825 la Kong Carl Johan ned grunnsteinen til det nye bygget. Steinen vart plassert under det som seinare skulle bli alteret i Slottskapellet.

I 1827 var grunnmuren til Slottet ferdig – men da var nesten alle pengane brukte opp.

Stoppa opp i seks år

Arkitekten som hadde teikna Slottet, var ein danske som heitte Hans Ditlef Frants Linstow. No måtte han gjere om teikningane slik at bygningen vart enklare enn det han opphavleg hadde planlagt. Først da ville Stortinget løyve fleire pengar til bygginga.

Eigentleg skulle det ha vore to sidefløyer ut mot Slottsplassen, men det hadde ikkje Stortinget råd til. Linstow fann så ut at dei kunne byggje ein ekstra etasje på hovudfløya i staden. Da vart det omtrent like mange rom som han hadde planlagt, samtidig som det vart billigare å byggje.

Slik tenkte arkitekten at Slottet skulle bli, med to fløyer ut på Slottsplassen. Foto: Helge Hovland, Det kongelige hoff

I heile seks år stod arbeidet stilt. Først i 1833 kom ein i gang igjen, og først i 1849 var alt heilt ferdig, både utanpå og inni Slottet. Da var det gått heile 24 år sidan grunnsteinen hadde vorte lagd ned, og Slottet såg ganske annleis ut enn slik Linstow opphavleg hadde teikna det.

Mange trur at Slottet vart mykje mindre enn opphavleg planlagt, men det stemmer ikkje. Sidan det både vart lagt på ein ekstra etasje og sidefløyene vart gjorde noko lengre, vart bygningen likevel ganske stor.

Slottet blir innvigd

Kong Carl Johan fekk aldri sjå Slottet heilt ferdig. Han døydde i 1844 utan å ha teke Slottet i bruk. Derfor var det sonen hans, Kong Oscar 1, som innvigde Slottet med eit stort ball i 1849. Kong Oscar 1 var den første kongen som stod på Slottsbalkongen saman med familien sin. Men ingen av dei norsk-svenske unionskongane brukte slottet som fast bustad. Dei føretrekte slottet i Stockholm.

Noregs eigen Kongefamilie

I 1905 vart unionen med Sverige oppløyst, og Noreg fekk sin eigen Kongefamilie. Da flytta Kong Haakon, Dronning Maud og vesle Kronprins Olav inn på Slottet, som endeleg vart fast Kongebustad.

Med Kong Haakon og Dronning Maud ble Slottet fast bolig for Norges kongepar. Foto: De kongelige samlinger 

Det vart sett i stand ei ny Kongeleilegheit inne i Slottet, og gjesteromma fekk bad og toalett. Det hadde dei ikkje hatt tidlegare, og no var det viktig med ordentlege gjesterom: Da Noreg var i union med Sverige, hadde kongar og dronningar som kom på statsbesøk frå andre land, drege til Stockholm. No da Noreg hadde vorte eit heilt sjølvstendig land med sin eigen konge og si eiga dronning, ville det komme statsbesøk til Noreg òg. Da var det viktig å kunne tilby dei fine gjestene ein bra stad å bu.

Slottet blir pussa opp

Det er viktig å halde eit hus i orden, og da Kong Harald vart konge i 1991, var det på tide med ei grundig oppussing av Slottet, både utanpå og inni. Kjøkken og bad måtte pussast opp. Det elektriske anlegget var gammalt og brannfarleg, så det måtte fornyast. Nokre rom vart gjorde i stand, slik at dei igjen ser ut som da Slottet var nytt, mens andre rom fekk ein heilt ny bruk.

Oppussinga var ferdig i 2001. Etterpå vart Slottet opna for publikum om sommaren, slik at alle som har lyst, kan komme på omvising og sjå korleis det ser ut inni.



21.11.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook