Hopp til hovedinnhold

Visste du at ...

Kongeskipet Norge er et av verdens to gjenværende kongeskip? Det andre er det danske skipet Dannebrog. 

 

Tegning av hunden Ronja

Kongeskipet "Norge"

Kong Harald har eit skip, ein yacht som heter KS ”Norge”. Ein yacht er det same som ein lystbåt. Dette skipet kan han bruke når han reiser langs norskekysten, eller når han besøkjer andre land.

Når Kongen konkurrerer med seglbåten sin i regattaer, bruker han ofte Kongeskipet som base der han overnattar og et. Det er lett å sjå når Kongen er om bord på ”Norge”, for da heiser dei Kongeflagget på skipet. Mannskapet om bord er soldatar i marinen, og det er Sjøforsvaret som held skipet i orden. Kongeskipet har heimehamn i Oslo.

Ei gåve frå folket

Opphavleg var Kongeskipet ei gåve frå folket i Noreg til farfar til Kong Harald, Kong Haakon. Det vart samla inn pengar over heile landet for å gje Kong Haakon ei fin gåve da han fylte 75 år.

Det som skulle bli det norske Kongeskipet, var eigentleg ein britisk yacht som heitte ”Philante”. Den høyrde til den engelske flyfabrikanten Thomas Sopwith og hadde vorte brukt som eskorte, følgjeskip, for konvoiane som gjekk over Atlanterhavet under den andre verdskrigen. I 1947 vart skipet selt til Noreg.

Det var mykje som måtte gjerast før Kong Haakon kunne få gåva. Skipet måtte pussast opp og byggjast om ein del, no som det skulle brukast på ein heilt annan måte enn tidlegare. På sjølve bursdagen sin fekk Kong Haakon ein modell av skipet som mellombels presang. Men 9. juni 1948 fekk han sjølve skipet, som no hadde fått namnet ”Norge”.

Kongeskip

I åra som følgde, brukte Kong Haakon skipet både på tokt langs norskekysten og til fjernare farvatn. Kong Olav overtok skipet etter far sin i 1957, og han heldt fram med å bruke Kongeskipet både privat og på offisielle oppdrag.

Kong Harald overtok ”Norge” da Kong Olav døydde i 1991. No for tida bruker både Kongeparet og Kronprinsparet ”Norge” på fylkesturar i kystkommunane våre. Det er svært fint å reise med skipet på slike turar. Da kan dei på ein måte bu heime hos seg sjølve, samtidig som dei er ute på reise og besøkjer nye stader.



18.06.2013

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Relaterte lenker