Hopp til hovedinnhold

Kongssetra

Kongefamilien feirar ofte jul på Kongssetra, som ligg på Voksenkollen i Oslo. Kongeparet bur her andre gonger òg, for eksempel under dei årlege skirenna i Holmenkollen.

Kongssetra var opphavleg ei gåve til Kong Haakon og Dronning Maud. Ho har gått vidare i arv, og i dag er det Kong Harald og Dronning Sonja som eig Kongssetra.

Kongefamilien på Kongssetra i 2007. Foto: Jon Eeg, NTB scanpix

Ei folkegåve

I 1905 vart Kong Haakon vald til Noregs konge. Mange ønskte å gje ei gåve frå det norske folket til det nye kongeparet. Det vart sett i gang ein innsamlingsaksjon for å skaffe pengar, og det vart bestemt at gåva skulle vere eit hus.

Det vart halde ein stor konkurranse der arkitektar konkurrerte om kven som kunne teikne det finaste forslaget. Ein arkitekt som heitte Kristian Hjalmar Biong, vann med ein plan han kalla "Slott over Slott". Kongssetra stod ferdig i 1910.

Kongsseteren. Foto: Jon Eeg, Scanpix 

Litt stabbur, litt slott

Kongssetra er bygd av tømmer og har torv på taket. Ho liknar både på eit stort stabbur, ein gammal gard, ei mellomalderborg og eit lite slott som i dei norske folkeeventyra.

 

20.11.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook