Hopp til hovedinnhold

Opninga av Stortinget

Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg. Det vil seie at det er Stortinget som bestemmer kva for nokre lover vi skal ha i Noreg. Arbeidsåret på Stortinget blir kalla ein sesjon og begynner om hausten, akkurat som eit skoleår.

Når eit nytt arbeidsår på Stortinget skal begynne, er det ein høgtideleg seremoni der Kongen formelt opnar Stortinget. Det skjer den første kvardagen i oktober, og framgangsmåten er bestemt i Grunnlova.

Korleis skjer opninga av Stortinget?

Den dagen Stortinget skal opnast, blir hovudgata i Oslo, Karl Johans gate, pynta med flagg. Soldatar frå garden, marinen, hæren og luftforsvaret står på geledd heile vegen frå Slottet til Stortinget. Når tida nærmar seg, køyrer bilar med Kongen og følgjet hans sakte ut av Slottet, nedover Karl Johans gate og opp framfor Stortinget. Dersom vêret er ganske bra, blir Kongen og Dronninga køyrde i ein fin, gammal, open bil.

Kongeparet kjem til Stortinget. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Imens har alle stortingsrepresentantane samla seg i salen på Stortinget, og leiaren, stortingspresidenten, erklærer at Stortinget er lovleg sett. Først kjem Kronprinsen i ein eigen bil, deretter kjem Kongen og Dronninga. I Grunnlova står det at Kongen skal vere til stades ved seremonien, men det har vorte tradisjon at Dronninga og Kronprinsen òg er med til Stortinget denne dagen.

Trontalen

Statsministeren gjev Kongen ein tale som Kongen så les. Denne talen blir kalla Trontalen, og han handlar om kva regjeringa har tenkt å gjere i året som kjem. Alle står oppreiste når talen blir lesen.

Kong Harald les Trontalen 2019. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kongen avsluttar med orda: ”Herved erklærer jeg det 161. storting for åpnet.” Talet aukar med ein for kvart år som går, akkurat som ein bursdag viser at vi har vorte eitt år eldre. Dette er den einaste gongen i løpet av eit år Kongen er på Stortinget.

Rikets tilstand

Når Kongen har halde Trontalen, kjem det ein tale til. Han heiter ”Redegjørelse for rikets tilstand”. Talen blir halden av den yngste medlemmen av regjeringa og handlar om kva regjeringa har oppnådd i året som har gått.

Kongen, Dronningen og Kronprinsen under Stortingets åpning. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Det neste som skjer, er at Kongen, Dronninga og Kronprinsen dreg frå Stortinget, mens alle stortingsrepresentantane og regjeringa blir att. Dei som blir att på Stortinget, diskuterer det som har vorte sagt i dei to talane. Denne diskusjonen blir kalla ”trontaledebatten.”

Du kan lese meir om Stortinget og alt som går føre seg der, på Stortingets nettstad.



03.12.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook