Hopp til hovedinnhold

Audiens

Kong Harald tek imot mange menneske i audiens. Ordet audiens stammar frå det latinske ordet «å høyre». Det å få audiens betyr altså det same som å få ein sjanse til å bli høyrd.

Som regel bruker ein ordet når det gjeld eit møte med ein høgtståande person, for eksempel ein kongeleg. Både Kongen og Dronninga, Kronprinsen og Kronprinsessa tek imot mange besøkjande i audiens.

Kva skjer når det er audiens?

Dei som kjem til Kong Harald, blir først følgde opp den store trappa i vestibylen på Slottet og inn i Fugleværelset. Det er venterommet utanfor kontoret til Kongen. Her blir dei tekne imot av Kongens adjutant. Ordet adjutant betyr ”ein som hjelper til”, og han er ein offiser frå Forsvaret. Adjutanten bankar på hos Kongen og seier ifrå kven som har komme.

Så går den besøkjande inn til møtet med Kongen.

I 2010 var barn frå Borgestadklinikken barnehage i audiens hos Kong Harald. Da vart det servert bollar og saft på Slottet (Foto: Det kongelege hoffet)

Kven får audiens?

Mange ulike menneske møter Kongen i audiens. Nokre er statsrådar, slik som utanriksministeren og forsvarsministeren – eller statsministeren sjølv. Nokre kjem på vegne av ein organisasjon for å fortelje om arbeidet dei gjer. Andre kjem for å takke for ein orden eller medalje som dei har fått.

Mange barn har òg vore i audiens hos Kongen. I 2009 kom for eksempel barn som har opplevd vald heime, til Kong Harald på Slottet. Da fortalde dei han om problema sine.

I 2014 kom barn frå Kapellveien barnehage i audiens. Dei hadde med si eigen grunnlov til Kongen 

Barn frå Kapellskogen barnehage i audiens hos Kongen. Foto: Terje Bendiksby, NTB scanpix

Alle kan skrive brev til Kongen og be om audiens dersom dei har noko spesielt dei ønskjer å snakke med han om. Men det er svært mange menneske som gjerne vil møte Kongen. Derfor er det dessverre ikkje mogleg for han å møte alle dei som ønskjer det.

 

28.11.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook