Hopp til hovedinnhold

Visste du at ...

... Kongen har deltatt i Olympiske leker tre ganger? Kongen konkurrerer i seiling, og i 1987 ble Kong Harald og mannskapet hans verdensmestre.

Tegning av hunden Ronja

Fritid

Kong Harald er svært sportsinteressert. Han er ofte til stades på idrettsarrangement og står alltid på Kongetribunen under det store hopprennet i Holmenkollen.

Da Noreg arrangerte dei olympiske vinterleikane (OL) på Lillehammer i 1994, var det Kongen som opna leikane. Kongen er også sjølv idrettsutøvar. I barndommen prøvde han mange ulike idrettar, men det er segling som er spesialiteten til Kongen.

Segling

Kong Harald og mannskapet hans vart verdsmeistrar i segling i 1987 og europameistrar i 2005. Han har delteke i OL heile tre gonger og er framleis aktiv som konkurranseseglar. Kongen har hatt mange seglbåtar. Nesten alle har heitt Fram, akkurat som skipet til polfararen Fridtjof Nansen. Kongen har også vore trenar for ei gruppe unge lovande seglarar. Seglbåten, ”Fram XV" (Fram nummer 15) gav han til Norges Seilforbund for at ungdommane kunne bruke han i treninga.

Kong Harald er veldig glad i å segle. Foto: Ole Berg-Rusten/ NTB Scanpix

Båten Kong Harald seglar mest med no, heter Fram XVIII - Fram nummer 18.

Jakt og fiske

Kong Harald er glad i å vere ute i naturen og driv med både jakt og fiske. I jaktsesongen om hausten liker Kongen å vere på hytta i Sikkilsdalen, som ligg aust i Jotunheimen. Da er han som regel saman med dei gode vennene han har i jaktlaget sitt, og dei går på elgjakt.

Nokre gonger blir det servert retter med elg frå Sikkilsdalen på gallamiddagar på Slottet. På jakt har Kong Harald med seg dei to hundane sine, Huldra og Gila. Dei er begge engelske setterar. Kongen liker godt å fiske med fluge, og han kjenner mange av lakseelvane i landet. Kong Harald har fiska nesten heile livet. Det blir sagt at han fekk sin første fisk da han var 3 år og var på flukt i Sverige under den andre verdskrigen.

Kongen er glad i å fiske med flue. Foto: Thor Nielsen

Barnebarn

Elles bruker Kongen også ein del av fritida si saman med barnebarna. Han set stor pris på at dei kjem på besøk på Slottet, eller til Bygdø kongsgård og Mågerø, der Kong Harald og Dronning Sonja bur om sommaren. Som besteforeldre flest ønskjer dei å bli godt kjende med barnebarna sine.

 

17.12.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook