Hopp til hovedinnhold

Prinsesse Märtha Louise

Prinsesse Märtha Louise vart fødd 22. september 1971 på Rikshospitalet i Oslo. Ho er dotter av Kong Harald og Dronning Sonja, og ho er syster til Kronprins Haakon.

Prinsessa er oppkalla farmor si, Kronprinsesse Märtha, og Dronning Louise, som var tippoldemor hennar.

Sjølv om Prinsesse Märtha Louise er eldst, er det Kronprins Haakon som vil arve trona etter Kong Harald. Den gongen Prinsessa og Kronprinsen vart fødde, var lova framleis slik at ein gut arva trona, sjølv om han hadde ei eldre syster. Denne lova vart forandra i 1990, og i dag er det den som er eldst, som arvar, uavhengig av om ein er jente eller gut.

Oppvekst

Prinsessa voks opp på garden Skaugum i Asker. Kong Harald og Dronning Sonja ville at ho skulle ha det mest mogleg likt andre norske barn. Derfor gjekk Prinsessa i vanleg barnehage og på ein vanleg skole.

I oppveksten dreiv Prinsesse Märtha Louise med mange aktivitetar, blant anna riding og folkedans, og ho song i kor.

Utdanning

Prinsessa begynte på Smestad skole i 1978 og var ferdig på Kristelig Gymnasium i Oslo i 1990.

Ho reiste deretter til England, der ho studerte litteratur ved Universitetet i Oxford og var elev ved Waterstock ridesenter. Seinare studerte Prinsessa fysioterapi ved Bislet høgskolesenter i Oslo og var ferdig fysioterapeut i 1997. Prinsesse Märtha Louise var sprangryttar på heiltid og var på landslaget i fleire år, fram til 2000.

Prinsesse Märtha Louise har stor interesse for hester, både som sprangrytter og kusk på travbanen. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Arbeid

Prinsesse Märtha Louise er veldig interessert i hestesport og til dagleg jobber ho mellom anna med YouTube-kanalen HEST360. I tillegg opptrer ho med eventyrlesing og som konferansier. Ein konferansier introduserer og bind saman innslag i ein konsert eller ei framsyning. Prinsessa har skrive fleire bøker og er spesielt interessert i eventyr, både frå Noreg og frå resten av verda.

Gjennom Prinsesse Märtha Louises fond kan organisasjonar søkje om pengar til tiltak for funksjonshemma barn under 16 år. Pengane skal brukast til noko som gjev barna glede i kvardagen.

Familie

Prinsesse Märtha Louise var gift med forfattaren Ari Behn fra 2002 til 2017. Saman har dei tre døtrer: Maud Angelica, Leah Isadora og Emma Tallulah. Prinsessa og døtrane bur i Lommedalen i Bærum utenfor Oslo.  

 

08.11.2022

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook