Hopp til hovedinnhold
Tegning av hunden Ronja

Tidlegare kongar

Etter at Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike omkring 890, har Noreg hatt over 60 namngjevne kongar – og éi dronning (danske Dronning Margrete 1). Mellom 1380 og 1814 var det danske monarkar på den norske trona. Etter nokre månader med Kong Christian Frederik i 1814 var det Sveriges kongehus som òg regjerte Noreg. Dei blir kalla Bernadotte-kongane etter stamfaren Jean Baptiste Bernadotte. Vi kjenner han best under namnet Kong Carl Johan.

I 1905 gjekk Noreg ut av unionen med Sverige og valde sin eigen konge, Kong Haakon 7. Han var Noregs første eigne konge i moderne tid og er farfar til kongen vår i dag, Kong Harald 5.