Hopp til hovedinnhold

Visste du at ...

... Kong Haakon 7. og Dronning Maud er det siste Kongeparet som ble kronet i Norge? Det skjedde i 1906.

Tegning av hunden Ronja

Kroning og signing

Det har vore tradisjon å signe kongane i Noreg i nesten tusen år. Dette er ein høgtideleg seremoni i kyrkja, der det blir bede om Guds velsigning av Kongen – og seinare òg Dronninga – og arbeidet dei skal gjere.

Frå slutten av 1100-talet vart signinga gjord samtidig med at ein ny konge vart krona. Kroninga var ein seremoni der krona vart plassert på hovudet til Kongen, som synleg teikn på at han var landets konge.

Kroning

Den første kongekroninga i Noreg skjedde i 1163. Da vart Kong Magnus Erlingsson krona i Bergen, berre litt over fem år gammal. Det skjedde fleire kroningar både i Bergen og i Oslo i mellomalderen. Seinare vart kroningane flytta til Trondheim, mykje fordi helgenkongen Olav den heilage var gravlagd der. I fleire hundre år, mens Noreg var underlagt Danmark, skjedde det ingen kroningar i Noreg. Kongane vart krona i København, og Noreg hadde ikkje eingong si eiga krone.

Kong Carl Johan vart krona i 1818. Malt av Jacob Munch i 1822. Foto: Kjartan Hauglid, DKH

Men i 1814 var ikkje Noreg lenger i union med Danmark. Landet var etter nesten 400 år igjen ein sjølvstendig stat med si eiga grunnlov, og i den stod det at Kongen skulle kronast i Nidaros (Trondheim). Den første var Kong Carl Johan i 1818. Sidan det ikkje fanst noka norsk krone eller anna utstyr til seremonien, bestilte og betalte Kong Carl Johan det like godt sjølv.

Siste gong i 1906

Kong Haakon 7 og Dronning Maud var dei siste som vart krona i Noreg. Det var i 1906. I 1908 vart regelen om kroning oppheva. Kroningsseremonien vart sett på som gammaldags, og Stortinget oppheva paragrafen med stort fleirtal.

Kong Haakon og Dronning Maud vart krona i 1906. Foto: Peder O. Aune, Dei kongelege samlinger.

Da Kong Haakon døydde i 1957, var det derfor inga lov som sa at det skulle vere kroning i Nidarosdomen. Men det var heller ikkje noko forbod mot ei markering i kyrkja dersom den nye kongen skulle ønskje det.

Signing

Son til Kong Haakon, Kong Olav, var svært oppteken av historie og av viktige tradisjonar. Han ønskte å bli signa i Nidarosdomen for å ta imot Guds velsigning over kongegjerninga si. Det vart starten på ein rein signingstradisjon i staden for kroningane.

Kong Harald og Dronning Sonja vart signa i Nidarosdomen. Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix

23. juni 1991 følgde Kong Harald og Dronning Sonja opp denne tradisjonen da dei vart signa i Nidarosdomen. Kronene blir ikkje lenger sette på hovudet til Kongen og Dronninga, men dei står framme på alteret mens signinga går føre seg. Når ein konge døyr, blir krona sett ved kista hans.

 

13.11.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook