Hopp til hovedinnhold

Kong Carl 4.

Kong Carl var fødd i 1826 og vart konge i Noreg og Sverige i 1859 etter far sin, Kong Oscar 1. Han var gift med ei nederlandsk prinsesse som heitte Louise.

Saman hadde dei ein son, men han døydde før han vart to år. Dotter deira, Louise, hadde ikkje arverett, fordi ho var jente. Derfor var det bror til Kongen som arva trona da Kong Carl døydde i 1872, berre 46 år gammal.

Kroning

Kong Carl og Dronning Louise vart krona i Nidarosdomen i 1860. Det vart ein storslått seremoni, ikkje minst fordi ei dronning også vart krona denne gongen. Det var første gong ei dronning vart krona i Noreg sidan 1299.

Kroningen av Kong Carl og Dronning Louise i 1860. Malt av Peter Nicolai Arbo i 1882. Foto: Kjartan Hauglid, Det kongelige hoff

Ein ung konge

Kong Carl var berre 33 år gammal da han vart konge. Han var svært populær, men det blir sagt at det nok var fordi han var så sjarmerande og såg så flott ut, framfor kva han fekk gjort for dei to landa han regjerte over.

Rolla til Kongen blir svekt

Kong Carl klarte ofte ikkje å få gjennomslag for sitt syn, og i motsetning til far sin, Kong Oscar 1, tok han ikkje Noregs parti mot svenske interesser. Når han prøvde, klarte den svenske regjeringa å få han frå det.

Da det vart krig mellom Danmark og Tyskland i 1864, ville Kong Carl at Noreg og Sverige skulle gå inn på dansk side og hjelpe dei i krigen. Men både den norske og den svenske regjeringa nekta. Enda ein gong leid Kongen nederlag i ei viktig sak. Utanrikspolitikken hadde tradisjonelt vore kongens område. Frå no av var ikkje dette like sjølvsagt.

Det var fleire konfliktar mellom Kong Carl og Stortinget. Men den verkelege striden skulle komme under etterfølgjaren hans, broren Kong Oscar 2.

14.11.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook