Hopp til hovedinnhold

Fritid

Dronning Sonja er svært glad i å gå turar i fjellet, både på ski og til fots. Heilt frå ho var svært lita, har ho likt å gå på ski.

Det var far hennar som lærte henne det når familien feira påske på Golå i Gudbrandsdalen. Da ho studerte i Sveits, vart ho medlem av den lokale sportsklubben og reiste rundt i landet og konkurrerte i slalåm. Seinare har Dronninga også utdanna seg til skiinstruktør.

Fjellturar

Å gå i fjellet og oppleve naturen på den måten er ei fin avveksling frå kvardagen. Dronninga går i fjellet sjølv om det er rufsete vêr, og har vore på toppen av mange fjell. Ho synest det er ein flott måte å bruke naturen på, og samtidig blir ho kjend med det langstrekte landet vårt.

Dronningen på fottur. Foto: Privat

Kunst

Dronning Sonja er også svært interessert i kultur, særleg biletkunst, men òg musikk og teater. Ho liker godt å gå på utstillingar og galleri. Dronninga begynte å samle kunst i ung alder, og i dag har Dronninga ei stor samling av måleri og andre kunstverk. Høgdepunkt frå samlinga vart stilte ut på Henie-Onstad Kunstsenter i Bærum i 2001. Dronninga har også stilt ut eigen kunst, og det er oppretta eit kunststipend i Dronninga sitt navn til hjelp for unge kunstnarar.

Dronninga har stilt ut eigen kunst, og oppretta eit stipend til hjelp for unge kunstnarar. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix.

Ein av hobbyane hennar er å fotografere og måle sjølv. Ho fotograferer ofte, anten ho er på fjelltur eller saman med familien. I 2005 vart det arrangert ei utstilling i New York, USA, med dei finaste naturbileta Dronning Sonja har teke på fjellturane sine.

Barnebarn

Etter at Dronninga vart bestemor, set ho av tid til å vere saman med barnebarna sine. Ho tek gjerne barnebarna med på kino eller på teater, og før jul inviterer ho dei til juleverkstad på Slottet.

 

09.12.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook