Hopp til hovedinnhold

Spesielt viktig for Kronprinsessa

Kronprinsesse Mette-Marit er spesielt oppteken av at barn og unge skal ha det bra, av miljø og klima og helsa til kvinner over heile verda. Bøker og lesing er også veldig viktig for Kronprinsessa. 

Ho er oppteken av at ingen skal føle seg utanfor. Derfor har ho i fleire år jobba med tema som psykisk helse og barns oppvekstvilkår.

Miljø og klima

Kronprinsesse Mette-Marit er oppteken av korleis alle val vi gjer i det daglege kan bidra til ein meir miljøvennleg framtid. Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko. Ho er særlig oppteken av korleis plast og anna søppel skader livet i havet og har deltatt på mange strandryddingar.

Kronprinsessa på strandrydding i Sandefjord. Foto: Lise Åserud, NTB scanpix

Leseglede

Bøker er veldig viktige for Kronprinsessa, og ho meiner det finnes ein bok for alle. Helt sidan 2014 har Kronprinsesse Mette-Marit kvart år reist i Noreg med tog for å snakke om bøker og kor fint det er å lese. Der Litteraturtoget stopper, vart det arrangert møter med forfattarar og andre som er oppteke av lesing.

Bøker for barn og ungdom er alltid ein viktig del av det heile. Kronprinsessa har fortalt kor viktig biblioteket var for henne da ho vokse opp, og at "Brødrene Løvehjerte" av Astrid Lindgren er ein av bøkene ho har likt aller best.

Kronprinsesse Mette-Marit har lesestund for barna på Vennesla bibliotek (Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix)

UNAIDS

I 2006 begynte Kronprinsesse Mette-Marit å jobbe saman med FN-organisasjonen UNAIDS, som arbeider med sjukdommen HIV og AIDS i heile verda. FN betyr dei sameinte nasjonane, og 193 land i verda er medlemmer av FN. Som representant for UNAIDS har Kronprinsessa besøkt menneske som er ramma av sjukdommen i ulike delar av verda, som i Nicaragua og Ukraina.

Kronprinsessa er spesielt oppteken av å fokusere på ungdom i dette arbeidet. Både fordi det er dei som er hardast ramma i dag, men like mykje fordi unge ofte kan trenge hjelp til å bli høyrde av dei vaksne som bestemmer. Kronprinsessa jobbar også med HIV og AIDS her i Noreg og er blant anna frivillig medhjelpar ved eit støttesenter for hivpositive i Oslo.

Kronprinsesse Mette-Marit var med på opninga av ungdomsdelen av den store AIDS-konferansen i Wien i 2010 (Foto: Herwig Prammer, Reuters)

Ungdom

Når Kronprinsessa reiser rundt i Noreg og utlandet, er ho alltid oppteken av å snakke med ungdom om korleis dei har det, kva dei synest er vanskeleg, og kva som er viktig for dei. Dette vil Kronprinsessa både lære om og fortelje vidare, slik at ungdom kan bli høyrde og forstått på viktige område.



24.08.2020

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook