Hopp til hovedinnhold

UWC Røde Kors Nordisk 30 år

Hennar Majestet Dronninga besøkte den internasjonale vidaregåande skulen i Fjaler i høve 30-årsjubileet.

29.09.2025

UWC Røde Kors Nordisk samlar 200 elevar frå kring 90 nasjonar i idylliske omgjevnader inst i ein vestlandsfjord. Skulen har eit overordna mål om å bruke utdanning til å fremje fred og berekraftig utvikling.

Dronning Sonja besøkte UWC Røde Kors Nordisk for tolvte gong. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

United World College (UWC) er ei utdanningsrørsle som fører ungdom frå heile verda saman på 18 vidaregåande skular i 18 land.

Dronning Sonja er beskyttar for UWC Røde Kors Nordisk og besøkte skulen for tolvte gong i helga. Ho deltok på ulike arrangement gjennom jubileumshelga, som elevane si storslagne framsyning laurdag kveld, bazar og open dag på sundag – og pizzabaking saman med elevar ved skulen og barn frå Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Skulen har eit sterkt samarbeid med Røde Kors og er næraste nabo til rehabiliteringssenteret.

Pizzabaking saman med elevar ved skulen og barn frå Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Foto: Ella Covacic / UWC Røde Kors Nordisk

UWC Røde Kors Nordisk har tre grunnpilarar i arbeidet sitt – berekraftig utvikling, humanitært arbeid og nordisk samarbeid.

UWC Røde Kors Nordisk ligg i Fjaler i Vestland fylke og har 200 elevar, der 20 av dei er norske. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Elevstyrerepresentant Ernst Roxenholt helsar Dronninga velkomen. Foto: Constantine Borys / UWC Røde Kors Nordisk

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook