Norges idrettshøgskole markerte Forskingsdagane
Hennar Majestet Dronninga var til stades på eit seminar om kvinnehelse og trygg trening. Det nye Senter for kvinnehelseforskning i idrett og fysisk aktivitet ved Norges idrettshøgskole var arrangør.
Seminaret er eitt av fleire hundre arrangement som skjer over heile landet under Forskingsdagane. Temaet for festivalen i år er tryggleik.
Rundt 350 personar deltok på seminaret om korleis fysisk aktivitet og trygg trening kan styrkje kvinner gjennom dei mange fasane i livet – frå tilrådd praksis under svangerskap, menstruasjonssyklus og alderdom. Føredraga tok for seg forsking på trygg trening til førebygging og behandling av ulike psykiske og fysiske utfordringar.
Dronning Sonja i samtale med rektor Aage Radmann og professor Jorunn Sundgot-Borgen ved Norges idrettshøgskole på Sognsvann i Oslo. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kari Bø har nyleg blitt professor emerita og vart heidra for det banebrytande arbeidet sitt innan kvinnehelse.
Fullsett auditorium under seminaret om kvinnehelse. Ved sida av Dronninga sit professor Kari Bø som vart heidra for det viktige arbeidet sitt innan kvinnehelse. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Aktuelle saker

Dronningparken stenger for i år
Onsdag 1. oktober stenger Dronningparken for sesongen. Vi ønsker alle parkgjester velkommen tilbake den 18. mai 2026. Slottsparken for øvrig er åpen for alle hver dag året rundt.

UWC Røde Kors Nordisk 30 år
Hennar Majestet Dronninga besøkte den internasjonale vidaregåande skulen i Fjaler i høve 30-årsjubileet.