Hopp til hovedinnhold

Lesesirkel på Fossefestivalen

Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit besøkte den fjerde internasjonale Fossefestivalen og lesesirkel om romanen “Naustet” av Jon Fosse.

11.09.2025

“Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.”

 

Slik startar “Naustet”, som er frå 1989. Romanen er eit trekantdrama utspelt over nokre få sommardagar. Det handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død, og det får ein brutal ende.

Direktør Edmund Austigaard i Samlaget og teatersjef Kjersti Horn ved Det Norske Teatret ynskjer Kronprinsesse Mette-Marit velkommen til Fossefestivalen og lesesirkel om “Naustet”. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

I lesesirkelen deltok forfattarane Erlend Loe og Olaug Nilssen i lag med litteraturkritikar Bernhard Ellefsen.

Publikum i Det Norske Teatret i Oslo fekk høyre forfattarane Erlend Loe og Olaug Nilssen diskutere “Naustet” som var eit gjennombrot for Jon Fosse her i landet, skriven i ein repeterande, suggererande stil. Foto: Ole Herman Andersen / Det Norske Teatret

Lesesirkelen er eitt av fleire arrangement under Fossefestivalen i år. Festivalen er arrangert av Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget. I omlag ti dagar er teatret fylt med Fosseframsyningar, både eigne produksjonar og internasjonale gjestespel, og eit sideprogram som utforskar fortatterskapen og dramatikken frå ulike perspektiv.

Kronprinsesse Mette-Marit i samtale med deltakarane i lesesirkelen på Fossefestivalen – forfattarane Olaug Nilssen, Erlend Loe og litteraturkritikar Bernhard Ellefsen. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Kronprinsesse Mette-Marit er beskyttar av festivalen som ber Fosse sitt namn. Gjennom Nobelprisen i litteratur har Jon Fosse fått betydeleg merksemd i den internasjonale litteraturverda.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook