Framtidas Longyearbyen
Etter sju dagar på reise avslutta Kongeparet fylkesturen til Troms og Svalbard med eit besøk til to framtidsretta institusjonar – Universitetssenteret på Svalbard og Svalbard satellittstasjon.
Hans Majestet Kongen trekte fram Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og Svalbard satellittstasjon (SvalSat) i talen sin på torget dagen før.
– Verda kjem til Svalbard. For det er jo ikkje berre kloten sine frø og satellittdata som møtest her. Forskarar ynskjer seg til UNIS, og menneske frå mange ulike land finn arbeid hos dykk, sa Kong Harald.
Kongeparet i Longyearbyen etter eit besøk til UNIS. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Verdas nordlegaste utdanningsinstitusjon
Dagen i går starta på UNIS. Her finn vi studentar frå meir enn 40 land.
– Noreg er ein leiande polarforskingsnasjon, sa direktør Jøran Moen i innleiinga si, før studentar etter tur presenterte smakebitar frå den nyaste forskinga.
Dei gav Kongeparet eit innblikk i alt frå havstraumar rundt Svalbard, uvanlege nordlysfenomen og til korleis dyrelivet i fjordane blir påverka når sjøisen forsvinn og nye artar tek over.
Ved UNIS blir det òg forska på kol som ein metode for å studere klimaet fleire millionar år tilbake i tid – og kva det kan fortelje oss om framtida. Eit tema som engasjerer mange i Longyearbyen-samfunnet, er: Kva skjer når permafrosten tinar? Dette frosne laget i bakken som dekkjer store delar av Arktis. Longyearbyen er bygd på permafrost.
Kva skjer når permafrosten tinar? Doktorgradsstipendiat Knut Ivar Tveit fortalde om skredfaren som oppstår når bakken mistar stabiliteten sin. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Besøkte SvalSat på Platåberget
Besøket i Longyearbyen vart avslutta på SvalSat – ein bakkestasjon med installasjonar for nedlasting av data frå satellittar i polar bane.
På Platåberget vest for Longyearbyen fekk Kongen og Dronninga ei orientering om satellittkommunikasjon inne i besøksantenna, og ein demonstrasjon av ei antenne i bevegelse.
SvalSat er verdas største bakkestasjon for nedlasting av satellittdata og har i dag om lag 180 antenner. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
I gåve frå SvalSat fekk Kongeparet med seg eit satellittbilete teke over Oslo 17. mai i år – under barnetoget, med Slottet sentralt i biletet. Til alt hell var det skyfritt over Oslo då biletet vart teke – frå ein satellitt 450 kilometer frå jorda.
Inviterte til mottaking på Kongeskipet
På ettermiddagen heldt Kongeparet mottaking om bord på Kongeskipet Norge som ei takk for alt dei har fått oppleve under besøket på Svalbard. Blant dei rundt 50 gjestene var lokalstyreleiar og mange av dei som har bidrege under besøket.
Kong Harald og Dronning Sonja ynskjer lokalstyreleder Terje Aunevik velkommen til mottaking. Foto: Cornelius Poppe / NTB
Aktuelle saker

Barnas stemme på Slottet
Hennes Kongelige Høyhet Prinsesse Ingrid Alexandra tok imot Barnas klimapanel i audiens på Slottet.

På jobb med feierne i Fredrikstad
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon deltok på en arbeidsdag med forebyggende brannvern i anledning Feiermesternes Landsforenings 80-årsjubileum.