Besøkte fangstfamilie på Svalbard
Fangstkulturen er ein viktig del av historia til Svalbard – ein tradisjon i stadig endring. Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga besøkte i dag fangststasjonen Farmhamna, der ein familie på tre har overvintra for første gong.
Dei aller fleste fangsthytter og fangststasjonar på Svalbard er i dag kulturminne. Stasjonen som Kongeparet besøkte i dag, er den eine av to fangststasjonar som i dag er i drift.
Kongeparet saman med Ida og Jan Brunner, som driv Farmhamna fangststasjon. Dottera Elena på 1,5 år er med og helsar velkommen. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Ida og Jan Brunner tok imot Kongeparet på tunet framfor fangsthytta. Dei kjøpte Farmhamna i 2023, og våren 2024 flytta ekteparet ut for å drive stasjonen, saman med dottera Elena, som no er 1,5 år.
Lever av rein
Småbarnsforeldra inviterte Kongeparet inn i hytta, der det vart servert kanelkringle, og dei snakka om livet på fangststasjonen. Psykologane Ida og Frank Brunner var ikkje ukjende med livet på Svalbard då dei tok over Farmhamna. I 2015 budde dei på Svalbard i eitt år saman med dei 16 hundane sine.
Farmhamna fangststasjon ligg på vestkysten av Svalbard, 40 nautiske mil frå Longyearbyen. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Stasjonen vart bygd i 1991. Ida og Jan Brunner har fått tildelt ei reinsdyrkvote, og jakt på rein er i dag hovudinntektskjelda deira.
Jakt, fangst og fiske på Svalbard
Det er ikkje fritt fram for jakt, fangst og fiske på Svalbard. Store delar av dyrelivet er freda, men det finst nokre unntak for jakt, fangst og fiske som i hovudsak gjeld fastbuande.
Familien Brunner inviterte Kongeparet inn i stova. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Kongeskipet Norge held fram reisa si på Svalbard, og i morgon går Kongeparet i land i Longyearbyen.
Aktuelle saker

Prinsesse Ingrid Alexandra på Miniøya
Hennes Kongelige Høyhet Prinsesse Ingrid Alexandre besøkte barnas festival Miniøya i Tøyenparken i Oslo. Festivalen samler familier til et kulturprogram med blant annet musikk, teater, litteratur og aktiviteter.

Kongeparet besøkte Bjørnøya
Hans Majestet Kongen og Hennes Majestet Dronningen har for første gang besøkt Bjørnøya – den sørligste av Svalbards øyer og en viktig del av Norge. – Dette er en del av Norge. Derfor er vi her, sa Kong Harald mot slutten av besøket.