Hopp til hovedinnhold

Kongeparet i historiske Balsfjord

Balsfjord er første stopp på fylkesturen i Troms, og på besøket til Svalbard. Her budde Kong Haakon og Kronprins Olav i mai og juni 1940, og her vart det halde tre statsråd.

11.06.2025

– Balsfjord er ein viktig stad i norsk historie – og i historia til familien vår, sa Hans Majestet Kongen i talen sin på idrettsplassen i Storsteinnes.

Sol og regn i vakre Balsfjord under besøket til Kongeparet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

I talen peika Kong Harald på rolla kommunen sør for Tromsø hadde då det frie Noreg vart styrt herifrå.

2. mai 1940, nesten ved midnatt, kom Kong Haakon og Kronprins Olav til Trangenhytta ved Langvatnet i Balsfjord.

– Dei var slitne flyktningar i eige land, drivne på flukt av den tyske okkupasjonsmakta. Sidan 9. april hadde dei vore på flukt frå Oslo, nordover mot Nord-Noreg.

To statsråd vart haldne i tømmerhytta. Det vart òg halde statsråd på meieriet på Storsteinnes i Balsfjord, som i år fyller 100 år.

– Vi er dykk evig takksame

– Balsfjord var min far og bestefar sin trygge hamn i ei skjebnetid for landet vårt. Her budde dei, nær familiane til mange av dykk som er her i dag. Dei vart tekne vare på av landsmenn og -kvinner, og for det er vi dykk evig takksame, sa Kongen frå talarstolen.

I år feirar vi at det er 80 år sidan frigjeringa av Noreg.

– Hva har 2. verdenskrig lært oss? Det kan være ganske enkelt. Aldri meir krig. Fred og fridom er det viktigaste. Vi må bidra, med alt vi har, for å ta vare på fridomen vår. Fridomen til å leva gode og trygge liv i eit demokratisk Noreg. Balsfjord var ein trygg stad for familien min den våren i 1940, og det er ein trygg og god stad i dag.

Kongeskipet Norge i Balsfjord under fylkesturen i Troms. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Største landbrukskommune i Troms

Kongen trekte òg fram dei vakre omgjevnadene og innseglinga i Balsfjorden i talen sin. Med sjalupp frå Kongeskipet Norge kom Kongen og Dronninga i land på Tennes i føremiddag – på sitt første offisielle besøk i fjord- og landbrukskommunen med sine 5 500 innbyggjarar.

– Dronninga og eg er glade for endeleg å få besøke dykk her i Balsfjord! Det var ei oppleving å segla inn fjorden – de bur verkeleg på ein vakker stad.

Les heilen talen til Kongen her

Mange hadde møtt fram for å ta del i programmet som var førebudd frå scena ved Moan idrettspark i kommunesenteret Storsteinnes. Kongeparet vart møtt av hundrevis av menneske og born som song «Barn av regnbuen».

Kongeparet fekk oppleve eit rikt program med song, revy, turn, dikt og talar – smake mykje av det gode kommunen har å by på. Siste stopp var TINE-meieriet på Storsteinnes, der Kongen og Dronninga fekk ei orientering om produkta som vert laga på meieriet. Ein god del av brunosten i verda vert faktisk produsert nett her i Balsfjord, og det vart servert smaksprøvar på både chilibrunost, julebrunost og fløytemysost.

I morgon går reisen vidare til Kvænangen kommune i Nord-Troms.

Balsfjord musikkorps spelte for Kongeparet ved ankomsten til Tennes. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Storsteinnes IL turn imponerer med si turnoppvising. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook