Solid start på VM-kvalifiseringa
Det kokte på eit fullsett Ullevaal Stadion då Noreg slo Italia 3–0 i går kveld. Hans Majestet Kongen og Prins Sverre Magnus var til stades på tribunen under landskampen.
Etter den norske maktdemonstrasjonen leiar Noreg gruppa med ni poeng etter tre kampar. Måndag er det Estland som står for tur for mennene til Ståle Solbakken.
Alexander Sørloth sende Noreg i ei tidleg leiing etter ein nydeleg pasning frå Antonio Nusa. På 2–0 gjorde Nusa alt sjølv før han sette ballen i mål. Like før pause auka Erling Braut Haaland til 3–0 etter ein perfekt ball frå kaptein Martin Ødegaard.
Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard jublar etter 3-0, som òg vart sluttresultatet. Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB
Aktuelle saker

En ettermiddag på Oscarshall
Hennes Majestet Dronningen og Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen inviterte i dag til “Afternoon at Oscarshall” i anledning koreograf Jiří Kylián og forfatter Haruki Murakamis besøk til Norge.

Holbergprisen til indisk forsker
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen overrakte Holbergprisen 2025 til den indiske forskeren Gayatri Chakravorty Spivak, for hennes banebrytende forskning innen litteraturvitenskap og filosofi.