Festforestilling for Hans Børli
I år er det 100 år sidan Hans Børli vart fødd. Kronprinsparet var til stades då 100-årsjubileet vart avslutta med ei storstilt feiring av den folkekjære lyrikaren på Det Norske Teatret i Oslo.
Festframsyninga var ei blanding av dikt, tonesette dikt og betraktningar. På scenen stod mellom anna Åse Kleveland, Anne Marit Jacobsen, Sinikka Langeland, Frida Ånnevik, Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig.
Konferansier Åse Kleveland og Sigbjørn Johnsen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff
Børli har gjerne blitt kalla «skogens diktar», fordi han hentar mange av motiva sine frå skogen og arbeidde som tømmerhoggar heile livet, men denne merkelappen hadde han sjølv eit ambivalent forhold til. Diktinga hans tok også andre vegar, og naturen hadde han eit elsk/hat-forhold til.
Gjennom jubileumsåret har fleire peika på dei eksistensielle problemstillingane som han set lys på gjennom diktinga si. Børli viser det store i det vesle. Dikta er ofte opne og undrande.
Kjelde: Det Norske Teatret
Aktuelle saker
Besøkte Sentrum brannstasjon
Hennes Kongelige Høyhet Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus besøkte Sentrum brannstasjon i Oslo. Der fikk de høre om de ansattes arbeidshverdag og den viktige innsatsen brann- og redningsetaten gjør.
Åpnet Nasjonalforeningens demensforskningssenter
Hans Majestet Kong Harald åpnet Nasjonalforeningens demensforskningssenter i Trondheim. Senteret er et samarbeid mellom Nasjonalforeningen for folkehelsen, Kavli-Instituttet, NTNU og St. Olavs Hospital.

Større bilde