Når ein roman forandrar
Olaug Nilssens kritikarroste roman Tung tids tale blir teater i haust. I kveld er Den Høgvørde Kronprinsessa i salen når statsminister Erna Solberg møter forfattaren til samtale.
Lesaren Erna Solberg møter Olaug Nilssen til samtale om korleis ein roman kan forandre liva våre – som lesarar og som samfunnsborgarar. Riksteatret sender samtalen direkte over Facebook-sidene sine:
Sjef for Riksteatret Tom Remlov leier samtalen mellom dei to, og det blir òg utdrag frå den kommande oppsetjinga.
Den store vesle boka kom ut i 2017 og vart møtt med strålande kritikkar. Boka om ei mors kjærleik og kamp for eit annleis barn fekk òg Brageprisen og fleire andre utmerkingar same år. Førstkommande fredag har teaterstykket urpremiere på Riksteatret i Nydalen.
Teater
Framsyninga er ein samproduksjon mellom Riksteatret og Det Norske Teatret i samarbeid med Kilden Teater, og regien er ved Marit Moum Aune.
Frå Riksteatret si sesonglansering: Frå venstre skodespelarane Julie Moe Sandø, Jon Bleiklie Devik, Marianne Krogh, forfattar Olaug Nilssen, Siren Jørgensen og regissør Marit Moum Aune. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Riksteatret har planlagt 51 framsyningar i ulike delar av landet, og våren 2019 blir stykket å sjå på Det Norske Teatret i Oslo.
Aktuelle saker

Markerte verdens havdag under seilas
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var med på markeringen av verdens havdag under en seilas med Statsraad Lehmkuhl mellom Monaco og Nice. Kronprinsen besøker Nice i anledning FNs havkonferanse.

Solid start på VM-kvalifiseringa
Det kokte på eit fullsett Ullevaal Stadion då Noreg slo Italia 3–0 i går kveld. Hans Majestet Kongen og Prins Sverre Magnus var til stades på tribunen under landskampen.