Dronning Sonja Sangkonkurranse
Dronning Sonja Sangkonkurranse blir halden i Oslo annakvart år og trekkjer til seg framståande songtalent innan opera og klassisk musikk frå heile verda. Dronninga følgjer konkurransen og overrekkjer sjølv prisen til vinnarane.
Prisvinnarane oppnår eksponering, betydelege pengepremiar, viktige konsert- og operaengasjement og bistand til utvikling av karrierane sine. Dronning Sonja overrekkjer prisen og eit grafisk trykk signert av Hennar Majestet under finalekonserten til konkurransen. Prisvinnarane har oppnådd engasjement ved dei fleste av dei leiande operahusa i verda etter prestasjonane sine i Oslo.
Kontraalten Jasmin White vart vinnaren av Dronning Sonja Sangkonkurranse 2023. Foto: Per Ole Hagen / QSSC
Lise Davidsen er den siste norske vinnaren av konkurransen så langt. Ho gjekk av med sigeren i 2015. Den no verdskjende sopranen var konferansier under finalen i 2023. Foto: Per Ole Hagen / QSSC
Førebels siste finale gjekk av stabelen hausten 2025
I 2025 vart konkurransen halde frå 15. til 22. august – med feiring av 30 år med song.
Deltaking frå heile verda
Deltakarane i konkurransen er i hovudsak nyutdanna songarar i starten på ein karriere innanfor opera og klassisk musikk. Øvre aldersgrense er 32 år. Til kvar konkurranse kjem det inn søknader frå songarar frå heile verda. Til konkurransen i august 2025 søkte 500 songarar frå 57 ulike land om å delta.
I tillegg til første, andre og tredjepris, blir det òg delt ut pris for beste tolking av lied og dessutan Ingrid Bjoners stipend som går til beste norske deltakar.
Prisen for beste tolkning av lied i 2023 gikk til Felix Gygli (baryton, Sveits). Foto: Per Ole Hagen / QSSC
Organisasjonen
Konkurransen er organisert som ei stifting og blir arrangert i samarbeid med Den Norske Opera & Ballett, NRK radio og TV, Norges Musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo, Oslo-filharmonien og Det kongelege hoffet.
Internasjonale partnarar er blant anna Royal Opera House Covent Garden (London), Bayerische Staatsoper (München), Staatsoper Unter den Linden (Berlin), Metropolitan Opera (New York), Zürich Opera og Dutch National Opera (Amsterdam).
Meir om stiftingas arbeid på qssc.no
Historia
Konkurransen vart arrangert for første gong i 1988, da som ein konkurranse for pianistar. Føremålet var å skape ein internasjonal musikkarena i Noreg som kunne synleggjere unge musikkutøvarar, og å gje norske solistar ein sjanse til å bli vurdert på eit internasjonalt nivå.
Daværende Kronprinsesse Sonja gratulerer Nigel Hill som vant den første finalen i det som den gang bar navnet Kronprinsesse Sonja internasjonale musikkonkurranse. Foto: Lars N. Sæthre, Aftenposten / NTB
I samband med 100-årsjubileet for Kirsten Flagstads fødsel i 1995 vart det bestemt at konkurransen det året skulle ha med berre songarar. Det vart svært vellukka, og sidan har dette vore ein songkonkurranse. Frå 2023 endra konkurransen namn frå Dronning Sonja Internasjonale musikkonkurranse til Dronning Sonja Sangkonkurranse.





Større bilde