Noregs regalia
Regaliane er symbol på Kongens makt og verdigheit og på monarkiet som statsform. Dei norske riksregaliane omfattar kongekrona, dronningkrona og arvefyrstekrona, Kongen og Dronninga sitt rikseple og septer, salvingshornet og rikssverdet - i tillegg til to kroningskapper og riksbanner.
Ordet "regalie" kjem frå det latinske ”Rex”, og betyr "det som er ein konge verdig". Historisk sett var regaliane sin viktigaste funksjon knytt til kroningane, der Kongen vart høgtidleg innvigd til si gjerning.
I 1908 fjerna Stortinget kroningsparagrafen i Grunnlova. Kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud i 1906 er difor den siste kroninga i Noreg. Då Kong Olav etterfølgde sin far på trona i 1957, vart hendinga markert med ein høgtidleg signingsseremoni i Nidarosdomen, og slik var det òg då Deira Majestetar Kong Harald og Dronning Sonja vart signa i 1991. Under desse seremoniane stod kronene til Kongen og Dronninga framme ved høgalteret - men dei vart ikkje plasserte på hovuda til kongeparet.
Noregs kongekrone. Foto: Gorm Kallestad / NTB.
I det daglege er dei norske regaliane utstilte i Erkebispegarden i Trondheim.
Middelalderens kroningar
Magnus Erlingsson var den fyrste norske kongen som vart krona. Det skjedde i 1163. Men dei opphavlege norske regaliane er tapte. Det blir sagt at Olav Engelbrektson, Noregs siste erkebiskop, tok med seg kongekrona og rikssverdet då han drog i landflyktigheit etter reformasjonen i 1537. Han døydde kort tid etter, og kva som skjedde med regaliane er ukjent.
Nye norske kronjuveler
Under unionen med Danmark vart det haldne felles kroningar i Danmark for begge rika, så etter sjølvstendet i 1814 fanst det inga eiga norske regalia. Då Kong Carl Johan skulle kronast i 1818, løyste han problemet: Kongen betalte for kongekrona og anna utstyr av eiga lomme.
Kongekrona
Ordet ”krone” stammar frå det latinske ordet for krans - corona. Krona har vore nytta som symbol på makt og verdigheit i fleire tusen år og kom til Europa frå Orienten.
Den norske kongekrona vart laga av den svenske gullsmeden Olof Wihlborg. Ho vart bestilt og betalt av Kong Carl Johan til kroninga hans i 1818. Fire kongar er krona med denne, og krona har vore ein del av seremonien ved enda to signingar. Når ein monark er død, blir krona plassert på kista.
Dronningkrona
Dronningkrona vart laga av Erik Lundberg og Marc Giron i Stockholm til den planlagde kroninga av Dronning Desirée i 1830. Desirée var dronninga til Kong Carl Johan, men vart ikkje krona saman med han i 1818. Kroninga fann aldri stad, og dronningkrona vart brukt første gong i 1860 ved kroninga av Dronning Louise.
Noregs dronningkrone. Foto: Gorm Kallestad, NTB
Arvefyrstekrona
Arvefyrstekrona - tronarvingens krone - vart laga i Christiania (Oslo) i 1846 og er den einaste av regaliane som er laga i Noreg. Den var tiltenkt Kronprins Carl i samband med den planlagde kroninga av foreldra hans, Kong Oscar I og Dronning Josefine. Under kroninga av Kong Carl Johan hadde ein lånt den svenske arvefyrstekrona til kronprinsen. No skulle Noreg få sin eigen arvefyrstekrone.
Noregs arvefyrstekrone er laga av fleirfarga gull. Den er prydt med norske ferskvannsperler, ametystar, peridotar, citrinar og slepet glas. Foto: Gorm Kallestad, NTB
Krona vart laga av gullsmed Herman Colbjørnsen Øyset, men teikna av Johannes Flintoe, som òg stod for delar av utsmykkinga av Det kongelige slott.
Den norske kroninga av Kong Oscar I og Dronning Josefine fann aldri stad. Arvefyrstekrona har difor aldri vore i bruk.
Rikseple og septre
Rikseplet er eit gammalt symbol på fyrstens makt og symboliserer jordkloden "halden i herskaren si hand". Globen som herskarteikn går tilbake til hellenistisk tid. Dei romerske keisarane nytta den som symbol på verdsherredømet sitt, ofte med sigergudinna Victoria plassert på toppen. Frå 400-talet vart gudinna erstatta med eit kors som symbol på Kristi overherredømme.
Eit septer er ein utsmykka stav og eit gammalt symbol på den verdslege makta til kongen.
Den norske kongens rikseple og septer vart laga av Adolf Zethelius i Stockholm i 1818 og er blant regaliene som vart bekosta av Kong Carl Johan til hans egen kroning.
Rikseplet og septeret til Dronninga vart laga til den planlagde kroninga av Dronning Desirée i 1830. Etter tradisjon frå kontinentet var rikseplet opphavleg berre herskaren sitt maktsymbol. I 1568 innførte den svenske Kong Erik XIV rikseple også for Dronninga, og denne tradisjonen vart vidareført i Noreg.
Rikseplet og septeret til Dronninga er av forgylt sølv og vart laga av Erik Lundberg i Stockholm.
Noregs regalier. Foto: Aftenposten
Rikssverdet
Rikssverdet er eit gammalt symbol for krigsmakt og rettferd.
Det norske rikssverdet var opphavleg Kong Carl Johans eige sverd. Carl Johan var eigentleg fransk og heitte Jean Baptiste Bernadotte. Han gjorde militær karriere under Napoleon Bonaparte, og keisaren skal ha gjeve han sverdet då han utnemnde Bernadotte til fransk marskalk. Seinare vart Bernadotte vald til svensk kronprins under namnet Carl Johan, og skal ha bore sverdet under slaget ved Leipzig i 1813 då han kjempa mot sin tidlegare keisar.
Både klingen, grepet og balgen (sverdskjeden) vart bearbeidde med tanke på si nye rolle som rikssverd. Klingen vart gravert med symbol på unionen mellom Noreg og Sverige, det norske riksvåpenet og svenske "Tre Kronor".
Salvingshornet
Tradisjonen med salving av Kongen stammar frå Midtausten og har opphav i Det gamle testamentet. Seremonien symboliserte at kongen var Guds utvalde representant.
Historisk vart den som skulle kronast, smurd med vigsla olje i tinning, panne, bryst og handledd. Denne seremonien vart rekna som den viktigaste ved ei kroning, fordi monarken då fekk kraft frå Den Heilage Ande til å bere byrdene som følgjer med kongegjerninga.
Det norske salvingshornet er laga av Adolf Zethelius i Stockholm i 1818. Det vart nytta siste gong ved kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud i 1906.





Større bilde