Dronning Sonja inviterte til keramikksymposium
Over 80 personar frå nord til sør i heile Noreg var samla til det første keramikksymposiet på Slottet.
Dei inviterte var kunstnarar, handverkarar og pottemakarar – frå næringsliv, undervisning, museum, galleri og akademia. Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit og Prinsesse Astrid var òg til stades på arrangementet.
– Vi er ei mangfaldig gruppe menneske her i dag – men det vi har til felles, er interessa for, og kjærleiken til, keramikk, porselen, leire og steingods, sa Hennar Majestet Dronninga i helsinga si.
Dronninga har sjølv ei stor interesse for faget, både som kunstsamlar og som utøvande kunstnar innan keramikk. Prinsesse Astrid er utdanna innan keramikk og hadde i fleire år sin eigen keramikkverkstad.
Keramikksymposium i Store festsal på Slottet. Foto: Øivind Möller Bakken, Det kongelege hoffet
Opning og kunstnarmøte i Dronning Sonja KunstStall
Opninga fann stad i Dronning Sonja KunstStall, som i år viser utstillinga «Ved Kongens bord» – med nettopp porselen og keramikk. Der var òg kulturminister Lubna Jaffery.
Keramikar og musikar Marita Isobel Solberg framførte «Når altet vaknar» og sette stemninga for resten av opninga. Dronning Sonja ynskte velkomen og introduserte programleiaren for dagen – Kari Slaatsveen.
Programmet i Dronning Sonja KunstStall vart avslutta med ei omvising der dei fire samtidskunstnarane i utstillinga presenterte kunstverka sine – Torbjørn Kvasbø, Irene Nordli, Paul Scott og Marit Tingleff.
Opning av keramikksymposiet i Dronning Sonja KunstStall. Foto: Heiko Junge / NTB
Faglege innlegg
Gjester spaserte deretter opp til Slottet, der programmet heldt fram med faglege innlegg frå scena i Store festsal.
Kunsthistorikar Peder Valle fortalde om norsk keramikk, kunsthistorikar Jorunn Veiteberg om rolla til industrien, og førstelektor Runa Stølen snakka om keramikk, skule og utdanning.
Til slutt var det ei panelsamtale – frå skapelse til resultat – med Anders Hald, Gunhild Vatn, Inger Helene Stemshaug og Franziska Myrhaug.
Undervegs i programmet vart det servert lunsj på Slottet sitt jubileumsservise, som Kongeparet fekk i gåve då dei fylte 60 år. Dronninga var sjølv svært aktiv i prosessen, og dekoren vart henta frå utsmykkinga av Store spisesal.
Dronninga takker kunstnarane og alle som har bidrege frå scena under keramikksymposiet. Foto: Øivind Möller Bakken, Det kongelege hoffet
Aktuelle saker
Dronning Sonjas skolepris til Skaun ungdomsskole
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon besøkte i dag Skaun i Trøndelag for å dele ut Dronning Sonjas skolepris 2025. Sammen med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun overrakte han prisen til Skaun ungdomsskole, som er årets mottaker.
Avduket minnesmerke
Hans Majestet Kongen var til stede under avdukingen av minnesmerket over norske romer som ble drept under andre verdenskrig. Minnesmerket er plassert på Christian Frederiks plass i Oslo.



Større bilde