Tidlegare kongar
Etter at Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike omkring 890, har Noreg hatt over 60 namngjevne kongar og éi dronning (danske Dronning Margrete 1). Mellom 1380 og 1814 var det danske monarkar på den norske trona. Etter nokre månader med Kong Christian Frederik i 1814 var det Sveriges kongehus som òg regjerte Noreg. Dei blir kalla Bernadotte-kongane etter stamfaren Jean Baptiste Bernadotte. Vi kjenner han best under namnet Kong Carl Johan.I 1905 gjekk Noreg ut av unionen med Sverige og valde sin eigen konge, Kong Haakon 7. Han var Noregs første eigne konge i moderne tid og er farfar til kongen vår i dag, Kong Harald 5.